Terje Sporsem - Absolute norsk

Feelgood&iStage presenterer: Terje Sporsem - “Absolute norsk” - eit show om verdas aller-aller beste land. NB! Førebels berre billettsal til folk busette i Stranda kommune! Terje Sporsem er tilbake med eit standupshow der han skal prøve å finne essensen av Norge. Kva vil det eigentleg seie å være norsk? Er vi framleis blåøygde lukkejegerar eller har oljen gjort oss til stappmette verdsborgarar? Med eit humoristisk skråblikk på nordmenn, norsk historie og notid, vil Terje prøve å nærme seg svaret på kva som gjer oss «Absolute norsk». Dette er Terje sitt fjerde soloshow - og har premiere i hans 25-års jubileum som komiker. Dei tidligare showa hans har gjort stor suksess på både scene og skjerm, og har plassert Terje som ein av landets fremste og mest samfunnsengasjerte komikarar. Regi: Arvid Ones


Billettar til Terje Sporsem - Absolute norsk

  1. Lau 18. sep kl 19:00 430 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_