Olav Stedje

Gullrøysta frå Sogn Olav Stedje: Mannen med den mest kjende røysta – og barten – i heile Sogn Med den mest kjende røysta i Sogn har Olav Stedje vandra saman med eit trufast publikum i snart fire tiår. Røysta openberte seg alt då han var sju og og song på juletrefest i speideren. I ungdomstida song og spela han gitar i bandet Compact. Barten kom først i 1977, og har vore eit fast kjenneteikn sidan gjennom karrieren. Olav var plagsamt sjenert på scenen i starten av karrieren, og han er framleis ikkje nokon 'sjå på meg'-kar, som samarbeidspartneren Finn Tokvam seier. Men no er scenen ein av dei stadene han likar best å vere, og den gode stemninga smittar over på publikum. Ein konsert med Olav Stedje er ei triveleg stund, og vi ser fram til at han no kjem tilbake til Stranda. OBS – kun 100 billettar tilgjengeleg!


Billettar til Olav Stedje

  1. I morgon kl 20:00 340 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_