Greg Niemczuk - Hyllest til Beethoven

Greg Niemczuk har gjesta Storfjord Kulturhus to gongar før, med aukane publikumsoppslutning. Han har tidlegare framført «Chopin i ord og toner» og «Fra Polen til Norge – en musikalsk reise». Denne gongen er det Beethoven som står på programmet. Vi gler oss! 1. avdeling “Til Elise” : Bagatelle nr. 35 a-moll WoO 59 “Pathétique-sonaten”: op.13 i ciss-moll – 1. Grave – Allegro di molto e con brio 2. Adagio cantabile 3. Rondo: Allegro “Måneskinn-sonanten»: nr. 14 i ciss moll - op. 27 nr. 2 1.Adagio sostenuto 2. Allegretto 3. Presto agitato 15 minutters pause 2. avdeling “Tyrkisk marsj” – op. 113 nr. 4 «Rondo a capriccio” - op. 129 G-dur „Eroica-variasjoner” ; 15 variasjoner og fuge over temaene i 4. sats av «Eroica»-symfonien op. 35 «Skjebnesymfonien» - 1. sats fra symfoni nr. 5 c-moll op. 67 - transkripsjon av Franz Liszt ……………………………………………………………………. Ludvig van Beethoven 250 år Greg Niemczuk har gjesta Storfjord kulturhus to gongar før, med aukande publikumsoppslutnad. Denne gongen er det Beethoven som står på programmet. I 2020 var det 250 år sidan Ludvig van Beethoven vart fødd – og Greg Niemczuk ville sjølvsagt vere med å markere denne giganten innan den klassiske musikken. Men som følge av korona-pandemien måtte mykje av jubileet utsetjast eitt år. No er han her - klar til å gi oss Beethoven sine mest kjende og mest populære verk for piano. Sjølv om Greg er mest kjend som Chopin-tolkar elskar han å spele og tolke Beethoven. Og den store tyske komponisten har, ikkje minst, ein spesiell plass i Greg sitt hjarte. Sjølv om Greg turnérer og spelar heile verda rundt – særskilt i Kina, Japan og Sør-Amerika - har han fått ei helt særskild tilknyting og kjærleik til Noreg. Dette året gjennomfører han heile 3 store turnéar her i landet og held til saman over 20 opne konsertar – i tillegg til meisterklasser for mange kulturskular. Dette gjer Greg Niemczuk uoffisielt til den mest turnerande pianisten i Noreg. Hovudgrunnen er naturlegvis at han er ein så einestande, gåverik og dyktig pianist, men og fordi han er ein så hyggeleg kar: venleg, open, utadvendt, alltid smilande, oppglødd, glad i menneske, smålåten og takksam for alt – elska og høgt akta kvar enn han kjem.


Billettar til Greg Niemczuk - Hyllest til Beethoven

  1. Tys 4. mai kl 19:00 290/150 kr   Storfjord Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_